10 jun 15. juni opnar vi igjen!
Kjære medlemmar av Jølster Treningssenter!
Da er det endeleg tid for opning. I morgon, mandag kl 1600 er dørene opna og vi er klare for å ta imot treningsglade medlemmar.
Vedlagt ligg våre smitteverns reglar som vi håper at alle respekterer. Dette er veldig viktig for at vi no skal halde oss smitte frie og at senteret skal få halde opent framover.
Velkommen tilbake til våre trenings lokaler
SMITTEVERN REGLAR
• Du må vere heilt symptomfri for å møte opp til trening. Ved mistanke om smitte må du holde deg heime.
• Vis omsyn, hald avstand i samsvar med retningslinjer frå myndigheitene – 1 meter ved moderat fysisk aktivitet, 2 meter ved hard fysisk aktivitet
– Ved oppmøte til timar – unngå å stå tett samla
• God handhygiene – husk å vaske hendene godt med såpe og vatn før, under og etter trening – vi har sprit dispensere som du kan nytte i senteret.
• Nytt personleg handkle på matter og treningsutstyr – DU må sjølv om vaske over utstyr og matter etter bruk.
• God apparat- og utstyrshygiene – hugs å vaske/tørke over alt utstyr etter bruk, nytt våre dusjflasker med desinfiseringsmiddel for reingjering. For eigen sikkerhet opp fordrar vi til vask av utstyr både før og etter bruk.
• Bruk klede som dekker mest mogleg av overkroppen – Singlet og brytartrøye er ikkje lov å nytte på trening – skift til treningsklede før du møter opp på senteret.
• Får du påvist Covid-19 er det viktig at du melder frå til styret i Jølster Treningssenter slik at vi får gjort tiltak og hindre smitte blant våre medlemmar.
• Vi som ubemanna treningssenter er avhengig av at du som medlem føl våre reglar for å redusere fare for smittespreiing. Held vi alle desse reglane er sjansane store for at vi kan trene på senteret vårt ut over hausten.
• VIKTIG – ALLE MÅ REGISTRERE SITT PERSONLEGE KORT ELLER KODE VED INNGANG TIL SENTERET!
Dette grunna eventuell sporing av smitte.
Vi i styret i Jølster Treningssenter håpar alle vil følgje opp dette og at alle våre medlemmar føler seg trygge på vårt senter.
Ved spørsmål eller rapportering av uønskte hendingar ta kontakt med oss i styret.