Frisklivs-yoga, nytt tilbod!

Frisklivs-yoga, nytt tilbod!

FRISKLIVSTILBOD:

Frisklivstilbodet er ei helsefremjande og førebyggande kommunal helseteneste. Målgruppa er dei med sjukdom eller auka risiko for sjukdom, og som treng støtte til å endre levevanar og meistre helseutfordringar.

 Ta kontakt med frisklivskoordinator: 47688025 dersom du lurar på om du er i målgruppa, eller vil søke om frisklivsresept.

KVEN PASSER ØKTA FOR?

Yinyoga er ei mjuk yogaform som går i djupna av kropp og sinn. Kurset passer for alle, enten du er ny innan yoga eller har erfaring frå før. Du kan delta om du aldri har trent eller om du trener kvar dag. Uansett om du kjenner deg stiv, mjuk, sterk eller svak kan du ha fantastisk nytte av yoga. Her skal du gje deg sjølv eigenomsorg og lade batteri.

KVA ER YINYOGA?

Yinyoga er basert på den kinesiske filosofien og tradisjonell kinesisk medisin som mellom anna består av læra om kroppen sine energibaner og stimulering av desse. Dette gjer Yinyoga til ei terapeutisk yogaform som gjev god avspenning i ein hektisk kvardag.

I Yin fokuserer vi på pusten og øver oss på å kunne være i oss sjølv over lenger tid utan å haste vidare. Vi arbeider med å åpne og tøye bindevev, djup muskulatur og leddband. Under yinyoga jobber du nede på matta og blir guida trygt gjennom forskjellige posisjonar og avspenningsøvingar. Nokre av stillingane held vi i 3-5 minutt for å gje kroppen og sinnet tid til å gje slepp på spenninger, nå inn til bindevevet og å kunne være til stades i oss sjølv. Alle timane avsluttast med god avspenning.

Dette er eit samarbeid med Jølster treningssenter, Alice Sandøy og Friskliv og Frivilligsenteret i Sunnfjord kommune.

Eventuelt ledige plassar blir lagt ut for påmelding på nett kvelden før timen skal haldast

Datoar før sommaren:

 

Tysdag 1. Juni – klokka 10.00 – 11.00

Tysdag 8. Juni – klokka 10.00 – 11.00

Onsdag 16. Juni – klokka 10.00 – 11-00

 

 



Denne nettsiden bruker cookies

Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen på nettstedet vårt og for personlig tilpasning av annonser. Ved å fortsette å bruke dette nettstedet samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler. Avvis alle