Hugs å ta smittevern på alvor!

Hugs å ta smittevern på alvor!

Kjære medlemar av Jølster Treningssenter!

Vi ønskjer å minne alle våre medlemar om smittevernstiltaka våre. Smittefaren aukar rundt oss, så det er no viktigare enn nokon gong at vi tek dette på alvor.
Vi ynskjer å halde dørene opne framover, men det vil krevje ein innsats frå deg som medlem av Jølster Treningssenter.
Ser du nokon som kanskje ikkje tenker seg om? Då er det lov å seie frå, vist alle tar eit felles ansvar så setter vi i styret veldig pris på dette og det kan vere med på å halde smitten vekke frå vårt senter og dørene opne 😊

SMITTEVERN REGLAR

• VIKTIG – ALLE MÅ REGISTRERE SITT PERSONLEGE KORT ELLER KODE VED INNGANG TIL SENTERET! DETTE GRUNNA EVENTUELL SMITTESPORING!

• Du må vere heilt symptomfri for å møte opp til trening. Ved mistanke om smitte må du holde deg heime.
• Vis omsyn, hald avstand i samsvar med retningslinjer frå myndigheitene – 1 meter ved moderat fysisk aktivitet, 2 meter ved hard fysisk aktivitet
• Ved oppmøte til timar – unngå å stå tett samla
• God handhygiene – husk å vaske hendene godt med såpe og vatn før, under og etter trening – vi har sprit dispensere som du kan nytte i senteret.
• Nytt personleg handkle på matter og treningsutstyr – DU må sjølv om vaske over utstyr og matter etter bruk.
• God apparat- og utstyrshygiene – hugs å vaske/tørke over alt utstyr etter bruk, nytt våre dusjflasker med desinfiseringsvæske  for reingjering. For eigen sikkerheit opp fordrar vi til vask av utstyr både før og etter bruk.
• Bruk klede som dekker mest mogleg av overkroppen – Singlet og brytartrøye er ikkje lov å nytte på trening – skift til treningsklede før du møter opp på senteret.
• Får du påvist Covid-19 er det viktig at du melder frå til styret i Jølster Treningssenter slik at vi får gjort tiltak og hindre smitte blant våre medlemar.
• Vi som ubemanna treningssenter er avhengig av at du som medlem føl våre reglar for å redusere fare for smittespreiing. Held vi alle desse reglane er sjansane store for at vi kan trene på senteret vårt ut over hausten.

Vi i styret i Jølster Treningssenter håpar alle vil følgje opp dette og at alle våre medlemar føler seg trygge på vårt senter.

Ved spørsmål eller rapportering av uønskte hendingar ta kontakt med oss i styret.

https://jolstertreningssenter.no/kontakt/



Denne nettsiden bruker cookies

Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen på nettstedet vårt og for personlig tilpasning av annonser. Ved å fortsette å bruke dette nettstedet samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler. Avvis alle