Jølster Treningssenter SA – utvidar. Frå veke 42 kan du oppleve byggeaktivitet på senteret.

Jølster Treningssenter SA – utvidar. Frå veke 42 kan du oppleve byggeaktivitet på senteret.

Vi har blitt einige med huseigar om å få oppgradert våre lokaler og gler oss til at dette skal stå klart i vinter.

Derfor vil vi advare om at det kan verte byggeaktivitet rundt deg til tider, men mest på dagtid.

Vi prøver og gjere dette så smertefritt som mogleg og ber om forståelse for dette i ein periode. Største endringane vil ikkje påvirke salane våre nede, men i hovudsak oppe forutanom at det skal monterast heis frå 1. til 2. etg og vektrommet skal utvidast.

Vi kan gi ein liten forsmak på kva våre medlemmar har i vente: 

  • Ny Spinningsal med oppgradert ventilasjon og ikkje minst betre lydforhold 🙂
  • Ny yogasal oppe som kan nyttast til forskjellige aktivitetar.
  • Ny handicapgarderobe/toalett
  • Heistilkomst ned i 1.etg for rullestol.
  • Utviding av sal med apparat og vekter

 

Vi gledar oss til å kunne presentere ein spinningsal som har same kvalitetar som gamle salen vår i 1. etg! og kanskje enda litt betre?

 

Følg med oss videre så skal vi oppdatere undervegs 🙂

 

MVH STYRET I JØLSTER TRENINGSSENTER SA

 

 



Denne nettsiden bruker cookies

Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen på nettstedet vårt og for personlig tilpasning av annonser. Ved å fortsette å bruke dette nettstedet samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler. Avvis alle