JULETILBOD ved Jølster Treningssenter

JULETILBOD ved Jølster Treningssenter

Da er juletilbodet lagt ut og du er velkommen til å drive med individuell trening i jula. Hugs at vi ikkje har gruppetimar grunna restriksjonar frå regjeringa. Vi tar smittevern på alvor og desinfiserar vårt utstyr slik at det skal vere trygt for deg og trene med oss. MEN det er viktig at alle er med å gjere det som må gjerast for at vi alle skal ha ein trygg kvardag på trening.

TRYKK HER FOR Å MELDE DEG PÅ JULETILBODET VÅRT – Det er enkelt, du får ein kode som du kan låse deg inn med etter du har betalt!

Sett deg inn i våre smittevern reglar under:

Du må vere heilt symptomfri for å møte opp til trening. Ved mistanke om smitte må du holde deg heime.
• Vis omsyn, hald avstand i samsvar med retningslinjer frå myndigheitene – 1 meter ved moderat fysisk aktivitet, 2 meter ved hard fysisk aktivitet
• Ved oppmøte til timar – unngå å stå tett samla
• God handhygiene – husk å vaske hendene godt med såpe og vatn før, under og etter trening – vi har sprit dispensere som du kan nytte i senteret.
• Nytt personleg handkle på matter og treningsutstyr – DU må sjølv om vaske over utstyr og matter etter bruk.
• God apparat- og utstyrshygiene – hugs å vaske/tørke over alt utstyr etter bruk, nytt våre dusjflasker med desinfiseringsvæske  for reingjering. For eigen sikkerheit opp fordrar vi til vask av utstyr både før og etter bruk.
• Bruk klede som dekker mest mogleg av overkroppen – Singlet og brytartrøye er ikkje lov å nytte på trening – skift til treningsklede før du møter opp på senteret.
• Får du påvist Covid-19 er det viktig at du melder frå til styret i Jølster Treningssenter slik at vi får gjort tiltak og hindre smitte blant våre medlemar.
• Vi som ubemanna treningssenter er avhengig av at du som medlem føl våre reglar for å redusere fare for smittespreiing.

Vi i styret i Jølster Treningssenter håpar alle vil følgje opp dette og at alle våre medlemar føler seg trygge på vårt senter.

Ved spørsmål eller rapportering av uønskte hendingar ta kontakt med oss i styret.



Denne nettsiden bruker cookies

Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen på nettstedet vårt og for personlig tilpasning av annonser. Ved å fortsette å bruke dette nettstedet samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler. Avvis alle