MYKJE SMITTE I SUNNFJORD – Vi avlyser organiserte timar.

MYKJE SMITTE I SUNNFJORD – Vi avlyser organiserte timar.

På grunn av høg smitte rundt oss må vi avlyse gruppetimar framover. 

Vi må dessverre avlyse gruppetimane framover grunna mykje smitte i vårt område.

Føl med på vår heimeside og FB side for å halde deg oppdatert. Vi krysser fingrane for at det roar seg raskt ned og at vi kan igjen tilby saltimar til våre kundar.

Senteret held opent som før, men oppmodar folk til å lese gjennom smitteværnsreglane våre under og følgje dei.

SMITTEVERN REGLAR

• VIKTIG – ALLE MÅ REGISTRERE SITT PERSONLEGE KORT ELLER KODE VED INNGANG TIL SENTERET! DETTE GRUNNA EVENTUELL SMITTESPORING!

• Du må vere heilt symptomfri for å møte opp til trening. Ved mistanke om smitte må du holde deg heime.
• Vis omsyn, hald avstand i samsvar med retningslinjer frå myndigheitene – 1 meter ved moderat fysisk aktivitet, 2 meter ved hard fysisk aktivitet
• Ved oppmøte til timar – unngå å stå tett samla
• God handhygiene – husk å vaske hendene godt med såpe og vatn før, under og etter trening – vi har sprit dispensere som du kan nytte i senteret.
• Nytt personleg handkle på matter og treningsutstyr – DU må sjølv om vaske over utstyr og matter etter bruk.
• God apparat- og utstyrshygiene – hugs å vaske/tørke over alt utstyr etter bruk, nytt våre dusjflasker med desinfiseringsvæske  for reingjering. For eigen sikkerheit opp fordrar vi til vask av utstyr både før og etter bruk.
• Bruk klede som dekker mest mogleg av overkroppen – Singlet og brytartrøye er ikkje lov å nytte på trening – skift til treningsklede før du møter opp på senteret.
• Får du påvist Covid-19 er det viktig at du melder frå til styret i Jølster Treningssenter slik at vi får gjort tiltak og hindre smitte blant våre medlemar.
• Vi som ubemanna treningssenter er avhengig av at du som medlem føl våre reglar for å redusere fare for smittespreiing.

Vi i styret i Jølster Treningssenter håpar alle vil følgje opp dette og at alle våre medlemar føler seg trygge på vårt senter.

Ved spørsmål eller rapportering av uønskte hendingar ta kontakt med oss i styret.

 



Denne nettsiden bruker cookies

Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen på nettstedet vårt og for personlig tilpasning av annonser. Ved å fortsette å bruke dette nettstedet samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler. Avvis alle