04 jan Nye smittevernstiltak frå regjeringa. Vi avlyser organiserte timar fram til 18. januar
På bakgrunn av nye smittevernstiltak avlyser vi alle organiserte treningar fram til 18 januar.
Oppmodar folk til å lese gjennom smitteværnsreglane våre under og følgje dei.
På grunn av nye strenge tiltak sentralt, har vi valgt å halde stengt for kjøp av drop-inn og månadskort inntil vidare.
Lokalbuande som vil fornye sitt månadskort kan henvende seg til bjorn@jolstertreningssenter.no so kan det ordnast.
SMITTEVERN REGLAR
• VIKTIG – ALLE MÅ REGISTRERE SITT PERSONLEGE KORT ELLER KODE VED INNGANG TIL SENTERET! DETTE GRUNNA EVENTUELL SMITTESPORING!
• Du må vere heilt symptomfri for å møte opp til trening. Ved mistanke om smitte må du holde deg heime.
• Vis omsyn, hald avstand i samsvar med retningslinjer frå myndigheitene – 1 meter ved moderat fysisk aktivitet, 2 meter ved hard fysisk aktivitet
• Ved oppmøte til timar – unngå å stå tett samla
• God handhygiene – husk å vaske hendene godt med såpe og vatn før, under og etter trening – vi har sprit dispensere som du kan nytte i senteret.
• Nytt personleg handkle på matter og treningsutstyr – DU må sjølv om vaske over utstyr og matter etter bruk.
• God apparat- og utstyrshygiene – hugs å vaske/tørke over alt utstyr etter bruk, nytt våre dusjflasker med desinfiseringsvæske for reingjering. For eigen sikkerheit opp fordrar vi til vask av utstyr både før og etter bruk.
• Bruk klede som dekker mest mogleg av overkroppen – Singlet og brytartrøye er ikkje lov å nytte på trening – skift til treningsklede før du møter opp på senteret.
• Får du påvist Covid-19 er det viktig at du melder frå til styret i Jølster Treningssenter slik at vi får gjort tiltak og hindre smitte blant våre medlemar.
• Vi som ubemanna treningssenter er avhengig av at du som medlem føl våre reglar for å redusere fare for smittespreiing.
Vi i styret i Jølster Treningssenter håpar alle vil følgje opp dette og at alle våre medlemar føler seg trygge på vårt senter.
Ved spørsmål eller rapportering av uønskte hendingar ta kontakt med oss i styret.