Reglar

Ordensreglar

  • Du kan trene på senteret mellom 04.30 og 24.00, etter 23.00 slepp du ikkje inn. Det er heller ikkje lov å sleppe inn andre. Alarmen går på 00.05
  • Det er til ein kvar tid IKKJE lov å sleppe personar utan abonnement inn. Dette kan føre til utvisning frå senteret.
  • Nøkkelkortet ditt er PERSONLEG og andre kan ikkje nytte seg av det.
  • For å trene aleine på senteret må du vere 15 år, er du mellom 12 – 14 må du vere med ein person som er over 18 og tar ansvaret for deg. Det er eige abonnement for denne aldersgruppa, ta kontakt på post@jolstertreningssenter for å få dette.
  • Det er ikkje lov å ha med born på trening, utanom organiserte aktivitetar for born!
  • Vil du at barnet ditt skal få prøve buldreveggen utanom organiserte treningar so er det mogelegheit for det til bestemte tider, sjå eige oppslag.
  • Apparat & Utstyr skal vaskast etter bruk.
  • Bruk handkle ved trening.
  • Vekter & Stenge skal settast på plass etter bruk.
  • Treningssekkar og liknande skal leggast igjen i garderobar.
  • Det skal ikkje brukast sko på matter i uttøying / slyngeområde.
  • BRUK IKKJE UTESKO !!!!
  • Rydd til ein kvar tid opp etter deg.

Ordensreglar Buldrevegg

  • All buldring i veggen til Jølster Treningssenter foregår på eige ansvar. Vennlegst vis omsyn til dei rundt deg.
  • Klatre ikkje over kvarandre, og opphald deg aldri under nokon som allereie er komne opp i veggen. Følg med!
  • Ein skal vere fylt 15 år for å klatre aleine i veggen!
  • Klatre aldri opp på platåer over klatrevegg. Det kan føre til utestenging frå vegg.
  • Leik og springing på tjukkas er ikkje tillatt når det er nokon i veggen.
  • Klatre aldri høgare opp enn kva du meistrar.
  • Finn du lause klatretak? Sei ifrå til instruktør eller send ein e-post til post@jolstertreningssenter.no
  • Det skal til ein kvar tid kun nyttast innesko med lys såle, eller klatresko i veggen.
  • Rydd til en kvar tid opp etter deg!

Ordensreglar for barn i Buldrevegg

  • Buldreveggen vil vere open for at foreldre kan ta med seg born på barnebuldring utanfor arrangerte aktivitetar.
  • Dei som er medlem betalar då 50,- pr. barn pr. gang i pengeskrin som heng ved buldreveggen. Dette er basert på tillit og vert kontrollert av og til. Misbruk fører til utestengelse og i verste fall fjerning av tilbodet.
  • Veggen vil vere open for dette kvardagar og helg fram til 17.00
  • Dei som ikkje er medlem kan kjøpe dagspass på nett kr 100,-,har du med born kostar det kr 50,- pr barn som betalast i pengeskrin ved buldrevegg.
  • Vi ber alle som nyttar seg av dette lese gjennom reglane som gjeld for buldreveggen og følgje desse. Organisert barnebuldring har oppstart på haust og etter nyår. Info om dette blir lagt ut på vår FB side fortløpande. Sjå meir info under Arrangert Barnebuldring.
  • Rydd til en kvar tid opp etter deg!

Smittevern reglar

  • Du må vere heilt symptomfri for å møte opp til trening. Ved mistanke om smitte må du holde deg heime.
  • Vis omsyn, hald avstand i samsvar med retningslinjer frå myndigheitene
    • 1 meter ved moderat fysisk aktivitet, 2 meter ved hard fysisk aktivitet
    • Ved oppmøte til timar – unngå å stå tett samla
  • God handhygiene – husk å vaske hendene godt med såpe og vatn før, under og etter trening – vi har sprit dispensere som du kan nytte i senteret.
  • Nytt personleg handkle på matter og treningsutstyr – DU må sjølv om vaske over utstyr og matter etter bruk.
  • God apparat- og utstyrshygiene – hugs å vaske/tørke over alt utstyr etter bruk, nytt våre dusjflasker med ferdigblanda såpevatn for reingjering. For eigen sikkerhet opp fordrar vi til vask av utstyr både før og etter bruk.
  • Bruk klede som dekker mest mogleg av overkroppen – Singlet og brytartrøye er ikkje lov å nytte på trening – skift til treningsklede før du møter opp på senteret.
  • Får du påvist Covid-19 er det viktig at du melder frå til styret i Jølster Treningssenter slik at vi får gjort tiltak og hindre smitte blant våre medlemmar.
  • Vi som ubemanna treningssenter er avhengig av at du som medlem føl våre reglar for å redusere fare for smittespreiing. Held vi alle desse reglane er sjansane store for at vi kan trene på senteret vårt ut over hausten.
  • VIKTIG – ALLE MÅ REGISTRERE SITT PERSONLEGE KORT VED INNGANG TIL SENTERET!

 

Dette grunna eventuell sporing av smitte.

Vi i styret i Jølster Treningssenter håpar alle vil følgje opp dette og at alle våre medlemmar føler seg trygge på vårt senter. Ved spørsmål eller rapportering av uønskte hendingar ta kontakt med oss i styret.

Denne nettsiden bruker cookies

Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen på nettstedet vårt og for personlig tilpasning av annonser. Ved å fortsette å bruke dette nettstedet samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler. Avvis alle