Rent senter

Vi har avtale med Antidoping Norge

Jølster Treningssenter har inngått avtale med Antidoping Norge og har derfor endra medlemsvilkåra.

 

Vi ber alle medlemane lese teksten under som er lagt til i medlemsvilkåra.

Anbefalar også medlemmane våre om å gå inn på www.rentsenter.no og gjennomføre e-læring: Grunnleggande info om antidopingsarbeid.

Lag ny brukar med senterkode: DR57T

Medlemsvilkår

Jølster Treningssenter SA har inngått avtale om Rent Senter med Antidoping Norge fordi vi ynskjer et reint, sunt og helsefremjande treningsmiljø på vårt treningssenter.

Vi tolererer difor ikkje bruk av dopingmidlar blant våre kundar.

 

Som medlem av Jølster Treningssenter SA tek eg avstand frå bruk av dopingmidlar, og er kjend med at bruk av dopingmidlar utgjer et vesentleg misleghald av medlemsavtala som gjev Jølster Treningssenter SA rett til å heve avtala umiddelbart.

 

Eg forpliktar meg til ikkje å bruke dopingmidlar som framkjem på særskilt dopingliste for treningssenter. Eg er kjend med at lista til ein kvar tid kan finnast på www.rentsenter.no

 

Jølster Treningssenter SA har inngått avtale med Antidoping Norge om gjennomføring av dopingkontroll. Der senteret registrerer tegn og symptom på bruk av dopingmidlar er eg inneforstått med at eg vil bli kalla inn til ein samtale. Under samtala vil eg bli forelagt ein avtale om dopingkontroll som forpliktar meg til å avgje dopingprøve mens eg befinn meg på treningssenteret hvis det fortsatt ligg føre teikn til mogeleg dopingbruk.

 

Dersom eg ikkje signerer erklæringa, blir det å ansjå som et vesentlig misleghald av min medlemsavtale, og Jølster Treningssenter SA har anledning til å heve treningsavtala.

 

Med ikraftsettelse fra 1.juli 2013 er all bruk av dopingmidlar kriminalisert etter Legemiddellova, § 24 a. Bruk av – eller mistanke om bruk av dopingmidlar på Jølster Treningssenter SA kan bli politimeldt.

Denne nettsiden bruker cookies

Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen på nettstedet vårt og for personlig tilpasning av annonser. Ved å fortsette å bruke dette nettstedet samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler. Avvis alle