Kom innom senteret og sjå den flotte veggen i storesalen vår.
Veggen består av ein vertikal del,10,20 og 40 graders heng og med nye klatretak frå Tjelmeland friksjon.
Bruk av buldrevegg utanfor arrangerte aktivitetar:
Buldreveggen vil vere open for at foreldre kan ta med seg barna på barnebuldring utanfor arrangerte aktivitetar.
Dei som er medlem betalar då 50,- pr. barn pr. gang i pengeskrin som heng ved buldreveggen. Dette er basert på tillit og vert kontrollert av og til. Misbruk fører til utestengelse og i verste fall fjerning av tilbodet.
Veggen vil vere open for dette kvardagar fram til kl. 17 og Lørdag og Søndag fram til kl 14.
Dei som ikkje er medlem kan kjøpe dagspass på nett kr 100,-,har du med born kostar det kr 50,- pr barn som betalast i pengeskrin ved buldrevegg,eller du kan velge ein voksen og eitt eller to barn ved kjøp via nettinnmelding.
Vi ber alle som nyttar seg av dette lese gjennom reglane som gjeld for buldreveggen og følgje desse. Organisert barnebuldring har oppstart på haust og etter nyår. Info om dette blir lagt ut på vår FB side fortløpande. Sjå meir info under Arrangert Barnebuldring.
Det er mogeleg å leige buldreveggen til bursdager og liknande.
Vi har eige lokale til bursdagsfeiring.
Vi leiger ut buldreveggen fredag, laurdag og søndag i tidsrom der det ikkje er andre aktivitetar.
2 timar Kr. 1000,-
Er dette noko du har lyst til? Ta kontakt på post@jolstertreningssenter.no for nærmare avtale.
Arrangert Barnebuldring: Det blir annonsert på våre FB-sider når nye grupper startar!
Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen på nettstedet vårt og for personlig tilpasning av annonser. Ved å fortsette å bruke dette nettstedet samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler. Avvis alle