Om oss

Kven er vi?

Jølster Treningssenter SA er eit sjølvbetjent treningssenter på Vassenden, plassert i gamle Lefi bakst bygget.

 

Treningssenteret er eigd av bygda, over 140 andelseigarar har bidratt til å få dette til. Ikkje minst huseigar Ivar A. Sunde som har hatt trua på prosjektet vårt og har vert ein stor bidragsytar for at dette skulle gå.

 

I tillegg til andelseigarar, har Jølster Treningssenter SA solgt sponsorpakkar til våre samarbeidspartnerar som har logoar på vår heimeside og i våre lokale.

 

I 2011 var vi 3 karar som ønska og få med bygda på å starte opp treningssenter, og etter over 2 år med hard jobbing og planlegging har vi endeleg kome imål med våre planar. I dag har vi fått inn 2 ekstra i styret slik at vi totalt er 5 stk i styret. I tillegg til oss har vi med oss ein fantastisk gjeng på instruktørfronten som jobbar dugnad for at du skal få eit flott tilbud lokalt i Jølster.

 

Vi er takknemlege for all den støtte vi har fått. Vi er stolte over kva vi har fått til, og håper alle våre sambygdingar er like stolte over tilbudet vi no har i bygda.

 

Jølster Treningssenter vil etter kvart som behovet er der, utvide dagens tebod og utstyr. Det er berre å kome med tips og ønske undervegs.

Vårt styre

Bjørn Johnsen
Styreleiar
Kim Ronny Lykkebø
Nestleiar
Roger Midttun
Styremedlem
Evald Sandvik
Styremedlem
Reidar Svalheim
Styremedlem
Stian Kjøsnes
Styremedlem

Kva vi tilbyr

  • Opningstid frå 04.30 – 24.00 kvar dag, heile året.
  • Døra er stengt fra Kl. 23.00. Men ein kan trene i våre lokaler fram til 24.00.
  • Eigentrening frå ein alder av 15 år (mot samtykke av forelder)
  • Spinningtimar til alle våre medlem, inkludert i prisen. (Påmelding via kalender)
  • Kettlebell, tabata, yoga og styrketrening. Vi har noko for alle.
  • Lavterskel tilbod i samarbeid med Fysioterapaut Kristine Løvlid
  • Ungdomstimar for ungdom mellom 12 – 15 år ilag med instruktørar.
  • Ein sosial møteplass i bygda, der ein kan møte likesinna og diskutere framgang og motivere kvarandre!
  • Jølster Treningssenter har samarbeid med personleg trenar. Dei som ønskjer å benytte seg av dette, ta kontakt enten via facebooksida eller mail.
  • Fysioterapaut på Treningssenteret.

Fordelar for deg

Vi har gode samarbeidspartnera, som gir deg gode tilbod.

 

 

Sport 1 Førde

 

15% generell rabatt til våre medlemmar. Utanom syklar og sportselektronikk.

Klikk her

 

Fysio Sør

 

15% på førstegangskonsultasjon.

Besøk dei på Facebook

Våre instruktørar

Siren Heggheim Nilsen
Instruktør
Roger Midttun
Instruktør
Therese Syvertsen
Instruktør
Reidar Svalheim
Instruktør
Evald Sandvik
Instruktør
Hildegun Kårstad Støfring
Instruktør
Reidun Kvammen
Instruktør
Bjørn Johnsen
Instruktør
Anette Sollid
Instruktør
Tor Kristian Kvammen
Instruktør
Elin Kjøsnes Enebakk
Instruktør
Ingeborg Bråttvik Slåtten
Instruktør
Merete Sandal
Instruktør
Jakob Slåtten
Instruktør
Kristine Løvlie
Fysioterapeut

Denne nettsiden bruker cookies

Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen på nettstedet vårt og for personlig tilpasning av annonser. Ved å fortsette å bruke dette nettstedet samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler. Avvis alle