Våre saltimar

Tabata

Intervalltrening med høg intensitet. Vi jobbar på ulike stasjonar der vi brukar lett utstyr, eller berre eiga kroppsvekt.

 

Kvar intervall er på 20 sekund, deretter er det 10 sekund kvile.
Dette blir repetert seks gonger, så kvar stasjon varer i tre minutt.

 

Totalt er der 12 stasjonar, og vi trenar både styrke og kondisjon.

 

Korte pausar, men pulsen er høg gjennom heile økta.
Denne timen passar for deg som likar å presse deg sjølv litt ekstra.

Bootcamp

I denne økta vil det variere frå gong til gong kva slags tidsintervallar vi jobbar med.

 

Økta består av oppvarming, styrke og kondisjonstrening med korte eller ingen pausar, så pulsen er høg gjennom heile økta.

 

Øvingane køyrast med eigenvekt og noko utstyr som manualar, stepkasse og liknande.

 

Ein time for deg som likar å gi det lille ekstra.

Styrke og kondisjon

Dette er ein EMOM- økt. Every Minute On the Minute. Det betyr at du får ei ny utfordring kvart minutt. Økta går ut på å køyre x- antall repetisjonar av ei øving i løpet av kvart minutt. Den tida som er igjen av minuttet brukast til kvile.

 

Timen består av 10 øvingar der annakvar øving er styrke. Resterande øvingar skal gjennomførast på valfritt kondisjonsapparat. 30 minutt arbeid med 10 øvingar = 3 rundar.

 

Typiske øvingar er markløft, knebøy, boxjump, pushups og kjerneøvingar.

 

Med korte pausar er pulsen høg gjennom heile økta.
En time for deg som liker å presse deg sjølv litt ekstra.

Pilates

Hovedfokuset er å styrke kjernemuskulatur. Vi brukar primært eigen kroppsvekt som motstand, men ein kan legge til vekter for å auke progresjonen.

 

Ein lærer å få kontakt med rette muskelgrupper til dei ulike øvingane. Treningsforma sørger for betre holdning, og bidreg til ein styrke og kroppskontroll som kjem godt med når ein skal utføre andre styrkeøvingar.

 

Tøying på slutten.

Styrketrening

Her trenar vi kjernemuskulatur – mage, rygg, bein, lår, armar. Vi har også nokre kondisjonsøvingar.

 

Øvingane varierer gjerne mellom ein miks av kroppsvekt og apparat. Øvingane blir gått gjennom før vi startar treninga.

 

Tidsintervallane varierer mellom å ha fleire repetisjonar på kvar stasjon til å ha fleire runder på nokre få stasjonar – alt innanfor ei gitt tidsramme.

Velkommen!

Yoga

Dynamisk yogaform der rørsle og pust følger kvarandre.

 

Timen føregår i avskjerma og oppvarma treningsrom, og alle deltakarar har ei yogamatte.

 

Kombinasjon av øvingar som stiller krav til styrke, balanse og kroppskontroll, mobilitet og avspenning/meditasjon.

 

Passar for alle, kvinner og menn!

Lavterskel trening

Treningstime der kvar deltakar i stor grad kan styre eigen intensitet, og slik passer timen godt for blant anna seniorar og nybegynnarar.

 

Kombinasjon av kondisjon, koordinasjon og styrkeøvingar etter musikk.

 

Vi brukar primært eigen kroppsvekt som motstand, samt. enkelt utstyr (t.d. strikk, vektskiver).

Spinning

Her trenar vi intervallar som varer mellom 3-5 minutt med korte pausar.

 

Intensiteten aukar vi gradvis under økta, men dette kontrollerer kvar enkelt sjølv.

 

Timen er for alle uansett form og alder.

Basistrening for ungdom 12-15 år

Dette er ei gruppebasert trening med enkle styrkeøvingar og fokus på kjernemuskulatur.

 

Super grunntrening som passer alle.

Denne nettsiden bruker cookies

Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen på nettstedet vårt og for personlig tilpasning av annonser. Ved å fortsette å bruke dette nettstedet samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler. Avvis alle