Vi startar med gruppetimar ute!

Vi startar med gruppetimar ute!

Styresmaktene har gjeve oss mogelegheit til å starte med grupppetimar ute med opp til 20 deltakarar.

Frå og med måndag 11. mai startar vi med gruppetimar ute. Du kan enkelt booke time via vår app eller heimeside. Utetimane vil foregå i Bjørkelia multisportanlegg.

I forhold til smittesporing skal alle som deltar på våre gruppetimar booke plass via vår online booking som vanleg. Det er ikkje lov å møte opp om du ikkje har fått plass på timen!

  • Vi ynskjer at timane skal vere sikker for både deg og våre instruktørar,det er derfor nokon reglar alle må følgje:
  • Berre trene dersom du er heilt symptomfri!
  • Dersom du tilhøyrer risikogruppa – ta kontakt med lege for medisinske råd.
  • Desinfiser hender FØR og ETTER timen. JTS stiller med desinfeksjon (vask hendene før du møter opp til treninga og ta gjerne med eigen antibac).
  • Hald anbefalt avstand i samsvar med retningslinjer frå styresmaktene – minst 1 meter avstand til andre deltakarar
  • Husk å hoste og nyse i albuekroken.
  • Ingen klemming eller handhelsing.
  • Ingen berøring tilsette/instruktør/personleg trenar og kunde/medlem
  • Ingen medlemmar har lov INN på senteret. Det vil ikkje vere tilgang til skift, garderobar eller toalett i JTS sine lokaler.
  • Bruk eigne hanskar.
  • Du må ta med deg eige handkle, drikke og liggeunderlag til treninga.
  • Bruk t-skjorte og treningsbukse/tights.
  • Alle smitteverntiltak må følgjast, og instruktør sørger for å opplyse om desse før kvar treningsøkt.

Velkomen til utetrening!



Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å forbedre brukeropplevelsen på nettstedet vårt. Ved å fortsette å bruke dette nettstedet samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler.