24 mar Vi held dørene opne, for deg som er busatt i kommunen.
Kjære medlemar av Jølster Treningssenter!
På bakgrunn av dei nye nasjonale retningslinjene vil det fra torsdag 25 mars kun vere tilgang til treningssenteret for dei som er busatt i kommunen. Dagspass og mnd kort er fjerna fra nettsida vår. Det blir ellers ingen endring i treningstilbodet, bortsett frå reduserte plassar på spinning. Det er viktig at alle føl smittevernsreglane våre. Møter friske til trening, vaskar hender og utstyr og held 2 meter avstand.
Vi har som dokke sikkert har sett montert kameraovervåkning og vil følgje med dagleg om smittervernsreglane blir fulgt. Visst det viser seg at noken låner ut treningskort/slepp inn andre som ikkje har medlemskap vil dette føre til avslutta medlemsforhold for dei som gjer dette. Det er svært viktig at vi tar vår del av ansvaret og føl dei nasjonale retningslinjene. Alternativet er at vi må stengje treningssenteret.
SMITTEVERN REGLAR
• VIKTIG – ALLE MÅ REGISTRERE SITT PERSONLEGE KORT ELLER KODE VED INNGANG TIL SENTERET! DETTE GRUNNA EVENTUELL SMITTESPORING!
• Du må vere heilt symptomfri for å møte opp til trening. Ved mistanke om smitte må du holde deg heime.
• Vis omsyn, hald avstand i samsvar med retningslinjer frå myndigheitene – 2 meter er anbefalt
• Ved oppmøte til timar – unngå å stå tett samla
• God handhygiene – husk å vaske hendene godt med såpe og vatn før, under og etter trening – vi har sprit dispensere som du kan nytte i senteret.
• Nytt personleg handkle på matter og treningsutstyr – DU må sjølv om vaske over utstyr og matter etter bruk.
• God apparat- og utstyrshygiene – hugs å vaske/tørke over alt utstyr etter bruk, nytt våre dusjflasker med desinfiseringsvæske for reingjering. For eigen sikkerheit opp fordrar vi til vask av utstyr både før og etter bruk.
• Bruk klede som dekker mest mogleg av overkroppen – Singlet og brytartrøye er ikkje lov å nytte på trening – skift til treningsklede før du møter opp på senteret.
• Får du påvist Covid-19 er det viktig at du melder frå til styret i Jølster Treningssenter slik at vi får gjort tiltak og hindre smitte blant våre medlemar.
• Vi som ubemanna treningssenter er avhengig av at du som medlem føl våre reglar for å redusere fare for smittespreiing. Held vi alle desse reglane er sjansane store for at vi kan trene på senteret vårt ut over hausten.
Vi i styret i Jølster Treningssenter håpar alle vil følgje opp dette og at alle våre medlemar føler seg trygge på vårt senter.
Ved spørsmål eller rapportering av uønskte hendingar ta kontakt med oss i styret.