Vi justerer treningsavgifta frå 01.07.2025.

Vi justerer treningsavgifta frå 01.07.2025.

Prisjustering frå 01.07.2025

Frå 1. juli 2025 vil vi justere medlemsprisane med Kr. 20,- grunna auke i kostnadar på husleige, vask og vedlikehald. Dette er bestemt på Årsmøte med begrunnelsen, at vi skal kunne fortsette å utvikle oss, investere i nytt utstyr og utvikle vårt tilbod vidare.

Senteret vårt er tufta på dugnadsdrift, og vi er utruleg stolte av alle som bidreg til å skape eit inkluderande og positivt treningsmiljø. Utan dykk hadde dette ikkje vore mogleg!

Trening gir meir enn berre fysisk styrke – det gir energi, overskot og betre helse både mentalt og fysisk. Her på Jølster Treningsenter får du ikkje berre moglegheit til å halde deg i form, men også til å vere del av eit fellesskap der vi heiar på kvarandre!

Vi håper på forståing for denne justeringa og ser fram til mange gode treningsøkter saman framover!

Er ikkje du medlem i dag? Kjøp ditt medlemskap her: https://jolstertreningssenter.no/innmelding/

 



Denne nettsiden bruker cookies

Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen på nettstedet vårt og for personlig tilpasning av annonser. Ved å fortsette å bruke dette nettstedet samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler. Avvis alle cookies